tirsdag 8. april 2014

Innspurt

Vi held på med siste innspurt, før vi reiser til Bergen, der Ida Kristin skal vere til neste søndag, mens Kay Amund reiser heim att onsdag. 
Vi gler oss til de kjem og feirar den store dagen saman med oss. 

mandag 31. mars 2014

Nytt

Den siste veka har me gjort nokre store innkjøp, klar for å starte livet ilag. Me har ny støvsuger, kjøpt oss tørketrommel og dobbelseng er komme på plass. 

søndag 2. februar 2014

Byrjar å nærme seg

Det byrjar å nærme seg den store dagen :)

Ida Kristin sin kjole er prøvd, og passar perfekt. Dressen til Kay Amund er kjøpt - no er vertfall klærne i boks.

Me gler oss masse til å feire dagen med dykk. Tilbords seier at det i dag er 82 dagar igjen :)

torsdag 16. januar 2014

Mat

Dersom nokon har matallergier (gluten/laktose) gi oss beskjed, slik at vi kan ordne maten med cateringselskapet :) 

Fly

Når det gjeld fly til Vigra i forbindelse med bryllupet, for dei som har tenkt å bruke det som framkomstmiddel, kjem litt informasjon her. 

Norwegian har slutta med direkteflygninger til Vigra frå Bergen. No går flygningane via Oslo, og tar ein del lengre tid enn før. 


SAS har direkteflygninger frå Bergen til Vigra, og det er mulig å få tak i billige billettar her. 


Det kan vere lurt å vere tidleg ute når ein bestiller billettar. Sidan det no er færre muligheter for direkteflygningar stig også prisen som følge av dette, og dei vert fortare utsolgt. 


lørdag 21. desember 2013

Overnatting

Vi har lagt ut meir informasjon om overnatting.

fredag 6. desember 2013

torsdag 10. oktober 2013

Brudekjole

Ettersom det for tida er opp til 6 måneders ventetid på brudekjoler, var det på tide at Ida Kristin kom seg avgårde og fekk sett på. Så no er brudekjolen bestilt :) 

Takk for tålmodigheten, Kay Amund, når du blir sendt ut på gata i skikkelig bergensregn, overlatt til deg sjølv, og nesten tom for batteri på telefonen. Takk for at du er så positiv etter å ha blitt sleppt av på biblioteket for å vente der :) 

torsdag 26. september 2013

Invitasjoner

Då er alle middagsinvitsjonane bokstavelig talt i boks :) 



søndag 25. august 2013

Bryllupsblogg

Då er bloggen laga, og klar for innlegg.

Etterkvart vil det komme litt av kvart av informasjon som er verdt å få med seg. Det kjem info om sjølve dagen, lokale, kyrkje, ynskjelister osv. Så følg med, her kjem mykje godt lesestoff :)