Visit Godøya

Godøya og omegn har mykje å by på. Her kjem nokre forslag om de skulle ha litt tid å bruke her og lurar på kva det skulle vere.

ATLANTERHAVSPARKEN

Dette er rett og slett et akvarium i Ålesund.



http://www.atlanterhavsparken.no/



FJELLTURER

For dei som likar å gå i fjellet, er det mykje fin natur her. Og du skal ikkje langt for å finne skjønnhetane :)

På Godøya har vi fjellet Storhornet, som byr på mange ulike fjellturar, og heilt sikkert ein som passar for deg.




Godøya 


Godøya frå Aksla


Det er flere andre utgangspunkter enn denne, bla. fra Alnes, Gjuv og Valkvæ. Denne turen tar deg opp til Valkvæegga (sjå brun rute), fra skolen, og følger en god sti over Sløktind 436 moh og videre mot Storhornet som i grunn er turens mål. Her kan du snu og følge samme vei tilbake, men du kan også velge å gå ned igjen via raud rute og lyseblå rute til Alnes, eller via lilla rute til Gjuv. 

På denne turen vil du få luftige opplevelser på Sløktind og Storhornet med fantastisk utsikt! Den flotteste utsikten på Godøya er selvfølgelig oppe på Storhornet - 360° panorama!
Anbefaler at du tar en tur bortom Krigsminnesmerket, se kulturminner nedenfor, for informasjon. 


Storhornet

Krigsminnesmerket, tekst fra minnetavlen: (brun rute)
Til minne om:
Dei som med fare for eige liv berga andre.
Gøymestad for Johan O. Roald, april 1945.

I denne hola låg Johan O. Roald gøymd i dramatiske april-dagar våren 1945.
Johan og broren Sverre dreiv omfattande illegalt arbeid under okkupasjonen. Sverre var hovudkontakt for motstandsrørsla i området, og dei to brørne organiserte flyktningetransportar, tok imot og gøymde agentar, tok imot store våpenlastar på Erkna og på Oksebåsen, lasta inn i motorbåten sin og frakta tonnevis av våpen til store deler av Sunnmøre.

Saman med Torholm-folket og kameraten Asbjørn Røsvik berga dei Shetland-Larsen og mannskapet hans frå tortur og sikker død. Dei henta også Joachim Rønneberg ut frå gøymestaden i Tafjorden, først til Vigra og derifrå til England.

Sverre hadde stadig ansvar for nye gøymestader for kommandosoldatar med radioutstyr som skulle overvake tysk aktivitet og planlegge aksjonar mot tyske befestningar og forsyningar. Han hadde også folk her ute for å overvvake leia. I ein periode var erling Rønneberg installert på loftet på Myra-butikken, seinare på Myra-sjøbuda på Geilevikane og om bord i 'Joffre'. 19. april 1945 var Sverre i Ålesund med hemmelege papir, brev som skulle vestover og ein radio i lomma. Det blei uventa razzia, og Sverre vart teken og arrestert. Han fekk kviskra til ein annan som var innom politistasjonen at han måtte ringje Vigra og gi beskjed om at Sverre Roald var teken. Johan fekk meldinga. Han og systra rydda unna, gøymde eller brende alt som kunne vere farleg eller avslørande. Johan fekk ein kamerat til å sykle i førevegen til Gjøsund for å sikre seg mot å møte tyske soldatar. Derifrå kom han seg til Valderøya, der han vart anbefalt å gjøyme seg i Trollkjelen på vestsida. Der låg han to netter, men då han både svalt og fraus, og ingen kom med hjelp, stal han seg neste natt ein færing, og rodde til Godøya og oppsøkte Indolf Godøy på Myra, handelsmann, postmeister og hovudkontakt for motstandsrørsla på Godøya. Der tok dei vel imot han og ville installere han på loftet, men han nekta på grunn av faren han påførte dei. Han fekk med seg sengetøy og vart innlosjert i eit sommarfjøs oppe på bakkane ovom garden til Ruth og Lars Støbakk. Natta etter tok Indolf Godøy, Lars Støbakk, Ola Bjarne Godøy og Odd Godøy med seg utstyr og laga til denne gøymestaden. Her låg Johan trygt og tørt på ein trebrisk med tilgang til friskt, rennande vatn inne i hola. Annakvar natt kom Lars opp med mat og nyheiter til ham. Fjellsida var snau, og tyske lyskastarar på Tueneset sveipte med mellomrom over gøymestaden. Johan fortalde at han var så edd at han til og med gøymde trulovingsringen i lomma for at han ikkje skulle blenkje i lysstrålen.

Og nettet snørte seg stadig tettare. Frå fjellsida kunne han ein dag (den 27. april) sjå den tyske vaktbåten kome på Geilevikane og ein tropp med soldatar som straks for på Myra og tok med seg Indolf. Om natta ba han Lars om å få ein færing og fiskeutstyr. Han ville prøve å ta seg innover i fjordane. Neste morgon rodde ein oljekledd fiskar sørom Høgstein-fyret og la seg til å fiske. Derifrå rodde han sørunder Eltrane, der han la seg til å fiske utanfor Eltra-skjeret, rett utanfor den tyske vaktbua, for så å ro lenger og lenger innover på sørsida av Sula framover dagen til han om kvelden tok inn hos slekta i Søvikdalen. Tredagar etter fekk Ruth Støbakk følgjande brev:

Til Ruth Støbakk, Godøya: 'Fisken De sendte er vel fremkommet. Hjertelig takk. Dersom De har mer at sende, så vær snill å bringe det til Ingebjørg Løseth, Borgund Forsyningsnemnd, Keiser Wilhelmsgate 52.' Hilsen Peter O Løseth, Søvikdal.

John var berga og var der resten av krigsdagane.
Minnesmerket er reist til minne om og i takksemd til alle dei som med fare for eigne liv tok imot og berga andre.

Krigsminnemerket

Rantane: (lyseblå rute)

Her kan du velge å gå opp frå Gjuv  eller Alnes. Når du har komme opp til Alnesvatnet følger du fjellryggen i vest. Du kan gå opp på ei side, og ned på andre sida, eller du kan gå ein runde rundt vatnet.


Oppe på fjellet går det stiar frå fleire kantar av øya som frå Alnes, Gjuv og Skulen. Frå Alnes og Gjuv går du på dei gamle torv-vegane. Alnesvatnet er eit godt fiskevatn (må ha fiskekort!)

Rundt Lesten: (mørkeblå rute)
Langs vestsida av øya går det og ein fin tur mellom Alnes og Gjuv der du går nesten i sjøkanten. Turen er spennande og opplevingrik med jettegryter og grotter. Store urer og djupe kløfter gjer turen noko krevjande. Flotte opplevingar får ein og om ein vel å gå delar av turen og så snu attende til startpunktet.
Strandområdet på Alnes med sandstranda i Sandvika er ei flott oppleving i all slag ver.

Johan Skytt: 
Gammalt folk på Alnes var i gamle dagar kry av bjørneskyttaren Johan Alnæs (1866 – 1933) som budde i Romsdalen. Kanskje så kry at dei oppkalla Johan Skytt-steinen etter han? Førre veke fridde vi til historiekjennarane i kommunen og etterlyste historia bak namnet til Johan Skytt-steinen på Godøyfjellet. Og no har vi fått napp! 72 år gamle Eva Peninna Alnes fortel oss historia ho har høyrt om ein bjørneskyttar som heitte Johan Alnæs. Ein kar i Romsdalen Etter det ho har blitt fortalt var det i gamle dagar to karar som skaffa seg gard i Romsdalen, oppe ved Trollstigen. – Det heiter Alnes opp i der, fortel ho. Om det var dei to karane i denne historia som flytta i frå Alnes, eller om dei var etterkomarane til nokon herifrå, det veit ikkje Eva Peninna Alnes, men det som er saka er at den eine av desse karane heitte Johan, Johan Alnæs, og han var kjend for å skyte bjørn. Folk på Alnes var svært opptekne av at denne mannen som heitte Alnæs skaut bjørn inn i Romsdalen. Og det kan difor tenkast at steinen som står som eit våpen over Alnes er oppkalla etter skyttaren Johan, Johan Skytt. Fortalt av gammalt folk Eva Peninna Alnes fortel at det kan vere ulike historier om Johan Skytt-steinen, men historia om Johan Alnæs, han som skaut bjørn i Romsdalen, har ho i alle fall blitt fortalt av gammalt folk fleire gongar. Alnes fortel at gammalt folk var kry over at der var ein bjørneskyttar som stamma frå Alnes, og slik koplar ho historia opp mot Johan Skytt-steinen og spør om det kanskje kan vere slik? Eller kanskje fekk steinen namnet sitt lenge før Johan Alnæs skaut bjørn?


Johan Skytt


Sukkertoppen



Parker ved barneskolen, like vest for rundkjøringen i Hessaskaret. Kryss vegen ovenfor skolen, og følg Sukkertoppvegen vestover til du finner skiltet der stien starter, inn til høyre like etter nr. 22. Grusgangen går over i sti og går gjennom et skogholt. Videre følges tydelig sti, delvis våt og skitten, helt til toppen. Du er vel halvveis når du passerer masta til senderen. Posten står ved varden.Fantastisk utsikt i rundskue.

Sukkertoppen


ALNES FYR



Alnes Fyr


Alnes Fyr har gjennom lange tider vært et viktig hjelpemiddel for sjøfarende, et stødig og sikkert navigasjons-middel man har kunnet stole på. Fra sin høge og stolte plass har den loset fiskere og sjøfarende trygt gjennom leia. Lokale fiskere har selvfølgelig også brukt fyrtårnet til å lage "meij" for gode fiskeplasser i farevatnet utenfor Alnes. Fyrtårnets funksjon for sjøfarende er ikke mindre i dag, og automatikken har tatt over driften av det livsviktige lyssignalet. Dermed har andre krefter trått til i fyrvokterboligen, og er i dag et eksepsjonellt bevis på at lokalsamfunnet kan tilby noe som turister, tilreisende og fastboende strømmer til for å en smakebit av; en kafé som byr på både hjemmelaget kaffe-mat, fyrhistorie og andre gode historier, samt at man får kunstutstillinger fra kjente og ukjente med på opplevelsen. En tur opp i tårnet for å sjå den fantastiske utsikten over det utemmede havet kan jeg varmt anbefale, og de mange trappetrinnene er vel verdt strevet.





Fyrets kafé har normalt åpent kl 12-18 på følgende dager:
April - søndager



HOGSTEIN FYR



Hogstein Fyr

Eilivrøysa: på Hogstein sør på Godøya er det en stor gravhaug fra bronsealderen. Like ved er også Hogstein fyr, som nå er fredet.


For å komme til fyret, parker oppe ved veien, og gå ned. Langs veien finn du informasjonsskilt der det står om Eilivrøysa og om fyret. 


http://www.oyblikk.no/-/bulletin/show/614852_fraa-fjoes-til-bustadhus?ref=checkpoint


AKSLA



Aksla

Aksla er byfjellet i Ålesund. Det går langs etter Nørvøya frå byparken i vest til Fagerlia i aust. Det har fått namnet etter likskapen med kroppsdelen aksel, skulder. På høgaste punktet, som er 189 moh, er bygt eit steintårn, Rundskue. På Aksla ligg serveringsstaden Fjellstua. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar